SlideShare uma empresa Scribd logo
1 de 3
EIKEFJORD SKULE
Torsdag 25 Januar 1996 var da slutt på stillheita om kva som hadde skjedd på og ved
Eikefjord Skule i ei årrekkje. Det var mang eni person som mista nattesøvnen etter mitt Lesar
innlegg om Eikefjord Skule å den Mobbinga som føregjekk der! Når sannheita kjem fram i
ljoset er da ikkje alltid like kjekt å være til!
Eit Lærarkollegie som verken såg eller hørte da som gjekk føre seg. Dei meinte Tor Henning
måtte tåle sopass.
Her fortel Tor Henning med eigne ord!
Skulen var eit fengsel - Firda - Torsdag 25 Januar 1996 - Journalist Knut Magnussen.
Tor Henning har vonde minner frå ni års skulegang i Eikefjord - Eg opplevde skulen
som eit fengsel. Heile oppveksten min er øydelagd, og skulegangen var eit helvete fortel
han.
Eg opplevde skuletida mi som eit niårig helvete, der eg vart kalla, sparka og slått. Men det
som er aller mest bittert å tenkje på er att lærarane ikkje lyfte ein finger for å hjelpe, seier Tor
Henning Karlsen.
Den som ikkje sjølv har vore eit mobbeoffer, kan ikkje tenkje seg korleis det er, seier Karlsen.
No førebur han søksmål mot Flora Kommune, for dei påkjenningane han vart påført under
oppveksten. I dag slit han med psykiske problem, og ei utdanning smo set han dårleg i stand
til å konkurrere på arbeidsmarknaden.
Skulegangen min, min ja heile barndoms og ungdomstida mi, vart øydelagd på grunn av
trakasseringa eg opplevde frå medelevand. Og kanskje det aller verste var lærarar som aldri
prøvde, sjølv om dei må visst kva som skjedde, seier Karlsen. Han er i dag 21 år gammal,
men ber framleis djupe sår etter mobbinga han opplevde gjennom ni års skulegang.
Når eg les i aviser, høyrer på radio og ser på Tv, blir eg redd med tanke på utviklinga.
Mobbing og vald blir ein stadig større del av kvardagen, ikkje minst i skulemiljøet, men også i
arbeidslivet.
Oppvekstmiljøet blir meir avstumpa. No må dei vaksne ta til vet og gripe inn mot det som så
altfor mange opplever, seier Tor Henning. Som hevder å snakke ut frå eigne, bitre røynsler.
Eit Fengsel
Eg vart mobba og og trakassert på det grovaste gjennom samtlige ni år på Eikefjord skule. Eg
er blitt sparka, kalla og slått. Dei andre borna skaut på meg med sprettert, og slengde tinga
mine vegg i mellom. Lærarane gjorde ingenting. Ein gong såg ein lærar att medelevar kasta
ranselen min ut av klasseromsvindauget så tinga mine flagra, men ikkje ein finger vart lyft.
Skulen opplevde eg som eit fengsel, der eg sneik meg langs med veggane for at dei andre
ikkje skulle få auge på meg. Ikkje ein gong i timane fekk eg fred. Berre læraren seg eller
forlet klasserommet, braut det laust, med kasting av blyantar og viskelær, og eg var sjølvsagt
målet.
Lærarane kunne gladeleg stå å sjå på att eg vart sparka og slått utan å gripe inn. Eg måtte tole
sopass vart det sagt.
Lærarane visste
Lærarane må ha visst kva som skjedde, men hjelpe meg ikkje. Kva slags lærarar eller vaksne
menneske er det som berre står og ser på slikt spør han. Han er nemleg ikkje i tvil om at
skulen visste om kva som gjekk føre seg.
- Mor mi visste litt, men langt frå alt om skulekvardagen min. Ei tid ynskte ho å halde meg
vekke frå skulen. Den dagen det blir levelege for Tor Henning, kjem han attende til Eikefjord
Skule, sa mor, men sjølvsagt kunne kunne ho ikkje halde meg vekke frå skulen. Det er
skuleplikt her i landet. minte skulen ho om. Då eg skulle ta til i sjuande klasse, ville mor mi ta
meg ut av skulen og overføre meg til Solheim skule i Nordalsfjorden. Men rektor sette seg
hardt i mot at eg skulle bli overført til ein anna skule på grunn av mobbing. Det går ikkje, for
det ville være ei skam for Eikefjord skule, sa rektor til mor mi hevdar Karlsen.
Eg prøvde ved eit par høve å seie frå til rektor og lærarane og korleis eg hadde det, men eg
følte att dei ikkje tok meg på alvor. Og eg hadde jo ingen andre å vende meg til, for i løpet av
ni års skulegang fekk eg ikkje ein einaste ven.
Karakterane mine er ikkje noko å skryte av, for kven kan vel konsentrere seg om skule gangen
når medelevane bankar deg opp. I gymtimane var eg målet. Noko lærarane sto og såg på.
Skuldkjensle
I dag er er nedbroten og ofte har eg lurt på kva som gjekk gale. Eg slit med skuldkjensle og
lurer på om eg sjølv hadde skulda. Men ærleg talt: Eg veit ikkje kvifor eg vart mobba, og
forstår heller ikkje kva eg skulle kunne gjort annleis. Og det blir eit ubryteleg mønster. Nye
elevar som kom til skulen, lærte av dei eldre, at han der han er skiten. Sjølvtillit og
sjølvrespekt forsvann. Og i dag slit eg med meg sjølv fortel Tor Henning.
Etter niårig skule var ferdig drog han til Ulsteinvik, der gjekk han på Folkehøgskule i to år.
Det var ei fin tid. Eg fekk vener og følte att eg fungerte seier Tor Henning.
Førebur søksmål
Eg har tenkt meg nøye om før eg valde å stå fram med denne historia. Eg har ikkje noko å
tape, sjølv om eg reknar med mange vil bli sinte. Truleg kan eg også hjelpe andre som har
opplevd det same som meg, og kanskje eg kan opne auga på einkvan, slik at dei ser kva som
skjer. Tor Henning vil no gå til søksmål mot Flora Kommune.
Erstatningsummer er ikkje da viktigaste, og eg kan heller ikkje få tilbake ei tapt
barndomstid. Meneg vil fortelje korleis eg opplevde barndommen min, og stille folk til
ansvar for kva dei let unge gjennomgå, for ein skule skal ta ansvar for elevane sine.
Kvifor prøvde du ikkje å gjere noko den gongen? spurde ein Psykolog meg. Men kva skal eit
born som ikkje har ein einaste ven i skulemiljøet og heller ikkje blir teken på alvor av
lærarane gjære?
No vil eg seie ifrå, for folk skal få greie på kva som skjedde med meg, og som heilt sikkert
skjer med så alt for mange andre, seier Tor Henning Karlsen.

Mais conteúdo relacionado

Destaque

Social Media Marketing Trends 2024 // The Global Indie Insights
Social Media Marketing Trends 2024 // The Global Indie InsightsSocial Media Marketing Trends 2024 // The Global Indie Insights
Social Media Marketing Trends 2024 // The Global Indie Insights
Kurio // The Social Media Age(ncy)
 

Destaque (20)

AI Trends in Creative Operations 2024 by Artwork Flow.pdf
AI Trends in Creative Operations 2024 by Artwork Flow.pdfAI Trends in Creative Operations 2024 by Artwork Flow.pdf
AI Trends in Creative Operations 2024 by Artwork Flow.pdf
 
Skeleton Culture Code
Skeleton Culture CodeSkeleton Culture Code
Skeleton Culture Code
 
PEPSICO Presentation to CAGNY Conference Feb 2024
PEPSICO Presentation to CAGNY Conference Feb 2024PEPSICO Presentation to CAGNY Conference Feb 2024
PEPSICO Presentation to CAGNY Conference Feb 2024
 
Content Methodology: A Best Practices Report (Webinar)
Content Methodology: A Best Practices Report (Webinar)Content Methodology: A Best Practices Report (Webinar)
Content Methodology: A Best Practices Report (Webinar)
 
How to Prepare For a Successful Job Search for 2024
How to Prepare For a Successful Job Search for 2024How to Prepare For a Successful Job Search for 2024
How to Prepare For a Successful Job Search for 2024
 
Social Media Marketing Trends 2024 // The Global Indie Insights
Social Media Marketing Trends 2024 // The Global Indie InsightsSocial Media Marketing Trends 2024 // The Global Indie Insights
Social Media Marketing Trends 2024 // The Global Indie Insights
 
Trends In Paid Search: Navigating The Digital Landscape In 2024
Trends In Paid Search: Navigating The Digital Landscape In 2024Trends In Paid Search: Navigating The Digital Landscape In 2024
Trends In Paid Search: Navigating The Digital Landscape In 2024
 
5 Public speaking tips from TED - Visualized summary
5 Public speaking tips from TED - Visualized summary5 Public speaking tips from TED - Visualized summary
5 Public speaking tips from TED - Visualized summary
 
ChatGPT and the Future of Work - Clark Boyd
ChatGPT and the Future of Work - Clark Boyd ChatGPT and the Future of Work - Clark Boyd
ChatGPT and the Future of Work - Clark Boyd
 
Getting into the tech field. what next
Getting into the tech field. what next Getting into the tech field. what next
Getting into the tech field. what next
 
Google's Just Not That Into You: Understanding Core Updates & Search Intent
Google's Just Not That Into You: Understanding Core Updates & Search IntentGoogle's Just Not That Into You: Understanding Core Updates & Search Intent
Google's Just Not That Into You: Understanding Core Updates & Search Intent
 
How to have difficult conversations
How to have difficult conversations How to have difficult conversations
How to have difficult conversations
 
Introduction to Data Science
Introduction to Data ScienceIntroduction to Data Science
Introduction to Data Science
 
Time Management & Productivity - Best Practices
Time Management & Productivity -  Best PracticesTime Management & Productivity -  Best Practices
Time Management & Productivity - Best Practices
 
The six step guide to practical project management
The six step guide to practical project managementThe six step guide to practical project management
The six step guide to practical project management
 
Beginners Guide to TikTok for Search - Rachel Pearson - We are Tilt __ Bright...
Beginners Guide to TikTok for Search - Rachel Pearson - We are Tilt __ Bright...Beginners Guide to TikTok for Search - Rachel Pearson - We are Tilt __ Bright...
Beginners Guide to TikTok for Search - Rachel Pearson - We are Tilt __ Bright...
 
Unlocking the Power of ChatGPT and AI in Testing - A Real-World Look, present...
Unlocking the Power of ChatGPT and AI in Testing - A Real-World Look, present...Unlocking the Power of ChatGPT and AI in Testing - A Real-World Look, present...
Unlocking the Power of ChatGPT and AI in Testing - A Real-World Look, present...
 
12 Ways to Increase Your Influence at Work
12 Ways to Increase Your Influence at Work12 Ways to Increase Your Influence at Work
12 Ways to Increase Your Influence at Work
 
ChatGPT webinar slides
ChatGPT webinar slidesChatGPT webinar slides
ChatGPT webinar slides
 
More than Just Lines on a Map: Best Practices for U.S Bike Routes
More than Just Lines on a Map: Best Practices for U.S Bike RoutesMore than Just Lines on a Map: Best Practices for U.S Bike Routes
More than Just Lines on a Map: Best Practices for U.S Bike Routes
 

Skulen var eit fengsel

  • 1. EIKEFJORD SKULE Torsdag 25 Januar 1996 var da slutt på stillheita om kva som hadde skjedd på og ved Eikefjord Skule i ei årrekkje. Det var mang eni person som mista nattesøvnen etter mitt Lesar innlegg om Eikefjord Skule å den Mobbinga som føregjekk der! Når sannheita kjem fram i ljoset er da ikkje alltid like kjekt å være til! Eit Lærarkollegie som verken såg eller hørte da som gjekk føre seg. Dei meinte Tor Henning måtte tåle sopass. Her fortel Tor Henning med eigne ord! Skulen var eit fengsel - Firda - Torsdag 25 Januar 1996 - Journalist Knut Magnussen. Tor Henning har vonde minner frå ni års skulegang i Eikefjord - Eg opplevde skulen som eit fengsel. Heile oppveksten min er øydelagd, og skulegangen var eit helvete fortel han. Eg opplevde skuletida mi som eit niårig helvete, der eg vart kalla, sparka og slått. Men det som er aller mest bittert å tenkje på er att lærarane ikkje lyfte ein finger for å hjelpe, seier Tor Henning Karlsen. Den som ikkje sjølv har vore eit mobbeoffer, kan ikkje tenkje seg korleis det er, seier Karlsen. No førebur han søksmål mot Flora Kommune, for dei påkjenningane han vart påført under oppveksten. I dag slit han med psykiske problem, og ei utdanning smo set han dårleg i stand til å konkurrere på arbeidsmarknaden. Skulegangen min, min ja heile barndoms og ungdomstida mi, vart øydelagd på grunn av trakasseringa eg opplevde frå medelevand. Og kanskje det aller verste var lærarar som aldri prøvde, sjølv om dei må visst kva som skjedde, seier Karlsen. Han er i dag 21 år gammal, men ber framleis djupe sår etter mobbinga han opplevde gjennom ni års skulegang.
  • 2. Når eg les i aviser, høyrer på radio og ser på Tv, blir eg redd med tanke på utviklinga. Mobbing og vald blir ein stadig større del av kvardagen, ikkje minst i skulemiljøet, men også i arbeidslivet. Oppvekstmiljøet blir meir avstumpa. No må dei vaksne ta til vet og gripe inn mot det som så altfor mange opplever, seier Tor Henning. Som hevder å snakke ut frå eigne, bitre røynsler. Eit Fengsel Eg vart mobba og og trakassert på det grovaste gjennom samtlige ni år på Eikefjord skule. Eg er blitt sparka, kalla og slått. Dei andre borna skaut på meg med sprettert, og slengde tinga mine vegg i mellom. Lærarane gjorde ingenting. Ein gong såg ein lærar att medelevar kasta ranselen min ut av klasseromsvindauget så tinga mine flagra, men ikkje ein finger vart lyft. Skulen opplevde eg som eit fengsel, der eg sneik meg langs med veggane for at dei andre ikkje skulle få auge på meg. Ikkje ein gong i timane fekk eg fred. Berre læraren seg eller forlet klasserommet, braut det laust, med kasting av blyantar og viskelær, og eg var sjølvsagt målet. Lærarane kunne gladeleg stå å sjå på att eg vart sparka og slått utan å gripe inn. Eg måtte tole sopass vart det sagt. Lærarane visste Lærarane må ha visst kva som skjedde, men hjelpe meg ikkje. Kva slags lærarar eller vaksne menneske er det som berre står og ser på slikt spør han. Han er nemleg ikkje i tvil om at skulen visste om kva som gjekk føre seg. - Mor mi visste litt, men langt frå alt om skulekvardagen min. Ei tid ynskte ho å halde meg vekke frå skulen. Den dagen det blir levelege for Tor Henning, kjem han attende til Eikefjord Skule, sa mor, men sjølvsagt kunne kunne ho ikkje halde meg vekke frå skulen. Det er skuleplikt her i landet. minte skulen ho om. Då eg skulle ta til i sjuande klasse, ville mor mi ta meg ut av skulen og overføre meg til Solheim skule i Nordalsfjorden. Men rektor sette seg hardt i mot at eg skulle bli overført til ein anna skule på grunn av mobbing. Det går ikkje, for det ville være ei skam for Eikefjord skule, sa rektor til mor mi hevdar Karlsen. Eg prøvde ved eit par høve å seie frå til rektor og lærarane og korleis eg hadde det, men eg følte att dei ikkje tok meg på alvor. Og eg hadde jo ingen andre å vende meg til, for i løpet av ni års skulegang fekk eg ikkje ein einaste ven.
  • 3. Karakterane mine er ikkje noko å skryte av, for kven kan vel konsentrere seg om skule gangen når medelevane bankar deg opp. I gymtimane var eg målet. Noko lærarane sto og såg på. Skuldkjensle I dag er er nedbroten og ofte har eg lurt på kva som gjekk gale. Eg slit med skuldkjensle og lurer på om eg sjølv hadde skulda. Men ærleg talt: Eg veit ikkje kvifor eg vart mobba, og forstår heller ikkje kva eg skulle kunne gjort annleis. Og det blir eit ubryteleg mønster. Nye elevar som kom til skulen, lærte av dei eldre, at han der han er skiten. Sjølvtillit og sjølvrespekt forsvann. Og i dag slit eg med meg sjølv fortel Tor Henning. Etter niårig skule var ferdig drog han til Ulsteinvik, der gjekk han på Folkehøgskule i to år. Det var ei fin tid. Eg fekk vener og følte att eg fungerte seier Tor Henning. Førebur søksmål Eg har tenkt meg nøye om før eg valde å stå fram med denne historia. Eg har ikkje noko å tape, sjølv om eg reknar med mange vil bli sinte. Truleg kan eg også hjelpe andre som har opplevd det same som meg, og kanskje eg kan opne auga på einkvan, slik at dei ser kva som skjer. Tor Henning vil no gå til søksmål mot Flora Kommune. Erstatningsummer er ikkje da viktigaste, og eg kan heller ikkje få tilbake ei tapt barndomstid. Meneg vil fortelje korleis eg opplevde barndommen min, og stille folk til ansvar for kva dei let unge gjennomgå, for ein skule skal ta ansvar for elevane sine. Kvifor prøvde du ikkje å gjere noko den gongen? spurde ein Psykolog meg. Men kva skal eit born som ikkje har ein einaste ven i skulemiljøet og heller ikkje blir teken på alvor av lærarane gjære? No vil eg seie ifrå, for folk skal få greie på kva som skjedde med meg, og som heilt sikkert skjer med så alt for mange andre, seier Tor Henning Karlsen.